tirsdag 2. februar 2010

ei lita dikttolkning

Eg har valt å tolke diktet "Det er ingen hverdag mer", av Gunnvor Hofmo. Grunnen til at eg valde akkurat dette diktet, er fordi Gunnvor Hofmo er ein kjent modernistisk lyriker, og fordi dette er eit dikt som tar for seg eit viktig tema innafor sentrallyrikken; nemleg sorg. Dette skal eg komme tilbake til i analysen.

Motivet skiftar litt i diktet Diktet har eit trist preg over segDet er vanskelig å sette fingeren på kva diktet rent konkret handlar om, fordi alle strofane handlar om noko forskjellig. Så i stedet for å seie kva motivet til diktet er, trur eg at eg berre lét dykk lese det sjøl.

"Det er ingen hverdag mer
Gud, hvis du ennå ser,
det er ingen hverdag mer.

Det er bare stumme skrik,
det er bare sorte lik

som henger i røde trær!
hør hvor stille det er.

Vi vender oss for å gå hjem
men alltid møter vi dem

Alt vi fornemmer en dag
er de dreptes åndedrag!

Om vi i glemsel går
det er asken deres vi trår.

Gud, hvis du ennå ser,
det er ingen hverdag mer. "

Temaet for teksten trur eg er døyd, sorg, og det å vere etterlatt aleine etter nokon har gått bort. Hofmo bruker mange fine verkemidler for å få fram temaet. Diktet har eit trist preg over seg, noko vi merkar med ein gong vi ser tittelen; "det finnes ingen hverda mer". Og dette sét med ein gong stemninga for diktet. Kva er eit liv utan ein kvardag? Det kan vel umogleg vere eit vanleg liv? Er det i det heile tatt eit liv verdt å leve?

I første vers vender Hofmo seg mot Gud. Då veit vi at det er noko galen, for det er oftare man klagar til Gud enn man takkar. Eg trur også ho tvilar på Gud, ettersom ho seier "Gud, hvis du ennå ser." Kanskje er det ho eigentleg gjer å sette spørsmålsteikn ved Guds evnar? Kanskje følar ho seg svikta av Overmaktane? Uansett, første strofe legg, som sagt, ei mørk stemning over diktet.

Og stemninga blir meir dyster jo meir du les. I andre strofe snakkar ho om "stumme skrik", skrik vi ikkje høyrer. Kven skrik? Kvifor høyrer vi dei ikkje? I andre vers finn vi ut av det; dei er døydde, "bare sorte lik".

No skjønar vi at det handler om dei som har gått bort, og dei som blir igjen. Dei som har gått bort, har etterlatt seg berre stillheit. Dei som blir igjen lever i stillheita. Kanskje er det savnet etter dei daude som gjer at kvardagen er borte? Og når dei levande vender seg for å gå heim, men alltid møter på "dei", kan det vere eit bilete på at dei levande prøver å gå videre, men ikkje klarer det. Og når Hofmo seier at "om vi i glemsel går/ det er asken deres vi trår", trur eg ho meinar at sjølv om vi vil gløyme, er det respektlaust ovenfor dei daude å gjere det.

No har eg sett meir på det genrelle temaet og litt på korleis ho får det fram. Men eg tror temaet kan vere meir enn det også. Vi veit jo at diktet vart publisert rett etter krigen, og vi veit at Gunnvor Hofmo vart veldig påvirka av det som skjedde under krigsåra, både på vestfronten og med jødene. Kanskje er dette diktet eit svar på det som skjedde? Kanskje er ikkje lika vanelege lik, men tusenvis av jødar som vart utrydda under krigen? Kanskje meiner ho at når vi heim, så prøvar vi å komme oss bort frå samviten vår, men aldri klarar det? Og når ho seier at vi aldri må gløyme, fordi vi tråkkar i aska deira om vi gjer det, kan det hende ho meinar at vi skyldar dei å hugse etter alt vi lét skje med dei.

Og det kan hende ho tvilar på Gud etter at han lét det skje han óg. No får verset "det finnes ingen hverdag mer" ei litt anna meining. Kanskje meiner ho at verden er så såra, at den aldri blir normal; at den er så såra at vi aldri kunne gå tilbake til kvardagen vår, utan å føle skyld.

Hofmo bruker mange verkemidlar for å få fram poenga sine. Ho bruker fine språklege bildar, for eksempel nevnar ho "stumme skrik". Ho er veldig stor på språklege symbolar og metaforar. Nokre av dei har eg nevnt. Diktet virker for meg som om det er ein lett blanding av kamplyrikk og sentrallysrikk, sjølv om det i større grad er prega av det siste; det omhandler store og viktige temaer, som ein må igjennom i livet; sorg, skuld og død. Det er eit tradisjonelt dikt, med to og to strofer i kvart vers, med enderim. Sjølv om det har meir sentrallyriske tema, inneheld det også formaningar til lesaren, sjølv om det ikkje er i like stor grad som hos dei mest kamplyriske dikta. Hofmo bruker også gjentagelser, for eksempel kjem strofa "det er ingen hverdag mer" tre gongar i løpet av diktet - om vi regner med tittelen.

Sjølv synes eg det er eit veldig sterkt dikt, med eit sterkt bodskap. Eg tror diktet er tidløst, fordi det eigentleg er ganske nøytralt. Det nemnar ikkje krigen, det nemnar ikkje noko. Det nemnar berre dauden, og dei daude. Og det er jo noko vi må igjennom uansett kva for ein tid vi lever i!