mandag 5. oktober 2009

Knud og Ivar

Knud Knudsen og Ivar Aasen er begge kjende for eit stort engasjement og mykje innsats for det norske språket på 1800-tallet. Dei aller fleste veit jo at Knudsen kjempa for det som sidan blei bokmål, og Aasen kjempa for nynorsken - eller landsmålet som det blei kalt den gang. Begge var dei einige om at Noreg trengte eit eige skriftsspråk, men det var ein hovudforskjell mellom dei; normgrunnlaget for språket. Mens Knud sto for fornorskningslinja, og ville gå ut i fra det danske språket, ville Ivar vere meir revolusjonær, og lage eit heilt nytt skriftsspråk, basert på dei norske dialektene og det norrøne. Aasen meinte at ved å lage eit landsmål basert på dialektene, ville fleire kjenne seg igjen i skriftsspråket, og fleire hadde enklare for å lære det, noko som ville gjere det enklare for folk flest å få ei høgare utdanning. Sånn meinte han at landsmålet var eit demokratisk skriftsspråk.

Knudsen meinte sjølv at fornorskningslinja var demokratisk. Han meinte det var tull å lage eit heilt nytt skriftsspråk når overklassa og "dei danna" - dei som styrte landet - skreiv og las dansk. Men sjølv om Knudsens målform ikkje var like radikal og ny som Aasens, møtte han mykje motstand fra fleire kantar. Overklassa forsto ikkje kvifor han i det heile tatt skulle endre på det danske, når det var det dei kjende til fra før. Bøndane sida sjølvsagt med Aasen... Uansett. Begge var dei einige i at vi måtte få inn norvagismer i språket, og bytte ut danske fremmedord med ekte norske. Og i 1885 ble jamtstillingsvedtaket satt i verk, og målformene blei politisk likestilt med kvarandre.